Aktuelt

01.09.2022

Skuleelevar og fråversattest frå lege

Alle elevar som må ha attest frå lege for fritak kroppsøving eller anna fråver, må inn til legetime for å få ordna dette.

29.08.2022

Apekoppar og vaksine

Kommunelegen har laga følgande informasjon om Apekoppar:

  • Smittemåte
    • Høg grad av nærkontakt med smitta person eller smitta dyr.
    • Mest utsett er seksualkontaktar og husstandsmedlemmar
  • Symptom
    • Frå 5-21 dagar frå eksponering før symptom som feber, myalgi og hovudverk oppstår.
    • Hudlesjonar/utslett kjem vanlegvis etter prodromalsymptom/tidlegsymptom, men nokon får hudlesjonar utan slike symptom først. Nokon får lesjonar på slimhinner. Vanlegast er utslett anogenitalt og i og rundt munnen og kan føre til smertefull faryngitt og proktitt.
  • Vaksine
    • 3. generasjon koppevaksine (ikkje spesifikk mot apekoppar)
    • Modifisert, levende, svekket, ikkje-replikerande vaksine markedsført som «Imvanex» og «Jynneos»
    • Godkjent preeksponeringsprofylakse og posteksponeringsprofylakse (best effekt innan 4 dagar etter eksponering)
    • Kven skal ha vaksina:
      • Høgrisiko nærkontaktar (seksualkontaktar og husstandsmedlemmar) og høgrisiko nærkontaktar med høg risiko for alvorleg sjukdom
      • Potensielle nærkontaktar i uoversiktleg utbrot

Apekoppar er no klassifisert som ein allmennfarleg smittsam sjukdom og gir då fritak frå eigenandel på legehjelp og legemiddel knytt til denne sjukdommen.

18.08.2022

Koronavaksine 4.dose

Personar over 65 år vil få ein sms frå c19 med tilbod om koronavaksine 4.dose.
NB! Ny adresse for vaksinering: Vestibyla i Storhallen, Haugsetvegen 32, 6230 Sykkylven.

Sykkylven kommune vaksinerar desse dagane frå kl. 09.00 – 15.00:

onsdag 31.08.22
torsdag 01.09.22
tysdag 06.09.22​
Personar over 75 år som har gjennomgått koronainfeksjon er også anbefalt å ta oppfriskningsdose. Det bør vere minimum 3 veke mellom gjennomgått sjukdom og ny oppfriskningsdose, men eit lengre intervall vil som regel gi ein betre immunrespons.

Timebestilling
Du kan bestille time på c19.no. Ein vil ikkje bli oppringt slik som tidlegare og vi ber pårørande og andre om å vere behjelpeleg med timebestilling.
Du får første ledige time og dagane blir fylt opp fortløpande. Ved behov vil vi også vaksinere onsdag og torsdag i veke 36 (07.09 og 08.09).

20.06.2022

Lege Bhatia er tilbake. 

Førebels som vikar, før han tek oppatt eiga liste ein gong etter 1. juli.  Vi arbeider elles med å få inn fleire faste legar. Dette er ein vanskelig jobb, då aller fleste legekontor manglar fastlegar.  Fleire kommunar har det faktisk enno verre enn her, og må stenge enkelte dagar. Vi får tilbod om mange dyktige vikarlegar, spesielt frå Dannmark og Sverige, og må nok basere planlegging resten av dette året med utgangspunkt i slik drift. Målet er likevel klart: fleire faste legar!

27.01.2022

Dyktige vikarlegar på plass

På grunn av sjukefråvær, ferieavvikling og vikarmangel har det dessverre vore ein del ventetid på ordinær legetime.

I perioden etter nyttår har Sykkylven Legesenter no fått tak i dyktige vikarlegar som vil avlaste situasjonen. Vi har no gitt tilbod om ny legetime til pasientar som har venta lenge, og vi kan hjelpe dei som ringer inn ved å tilby legetime innan kort tid. Samtidig arbeider Sykkylven Kommune med å få tilsett faste legar i stillingane til Dr. Hjellen og Dr. Linge frå medio mars.   Dr. Koppen har dessverre sagt opp stillinga ved Sykkylven Legesenter.


Vi kan ringe deg tilbake

Rett før jul fekk vi nytt sentralbordsystem der pasientane har moglegheit til å velje tilbakering funksjon.
Pasienten vil då stå i kø heilt til samtalen blir ringt opp av systemet. Dette systemet fungerer veldig bra og vi får gode tilbakemeldingar frå pasientar.

Det er inntil 50 stk som kan velje tilbakering før køa vert full og pasienten må ta kontakt seinare. Det er veldig stor pågang på telefonen tidleg i veka, men roleg i slutten av veka. I resepsjonen er det 3-4 stk som tek telefonar kontinuerleg, men med eitt stort antal innkommande samtalar må det påreknast noko ventetid. Pågangen i resepsjonen påverkar også svartid på telefonen. Vi ser ofte at pasientar setter seg opp på tilbakering fleire gongar og dermed tek opp fleire plassar i same køa som nokon andre har behov for. Vi ber derfor om at ein KUN gjer dette ein gong.

Helsepersonell i resepsjonen står på for å svare alle henvendingar per telefon så godt det let seg gjere, men vi ber om forståing for at det er mange som ønsker å nå tak i oss og at kvar enkelt samtale kan ta noko lenger tid enn normalt på grunn av endringar i smittevernrutinar eller informasjon til pasient vedrørande fastlege situasjonen.

Husk at du kan ringe 116117 ved behov for akutt legevakt eller 113 for øyeblikkelig hjelp.

Takk for all tålmod og forståing.
Vi ønsker å hjelpe kvar enkelt pasient så godt vi kan!

 


19.11.2021

Fastlegesituasjonen i Sykkylven kommune

Sykkylven kommune har, som andre kommunar i Norge, no fått merke utfordringa rundt arbeidsmengde, rekruttering og drift av fastlegetenesta.

Det kommunale legesenteret i Sykkylven er fortsatt i ein etableringsfase, der planlegging av drifta har vore, og fortsatt er, utfordrande. Dette, i tillegg til ein langvarig pandemi, har skapt eit stort press på tenesta den siste tida.

Med bakgrunn i fleire samanfallande utfordringar, er vi no i ein situasjon der vi ikkje har full legedekning ved vårt fastlegekontor. Dette vil føre til lengre ventetid, og at det som kan vente vente. Fastlegetenesta vil i ein periode framover, ikkje fungere heilt slik ein er van med.

Statsforvaltaren er informert om situasjonen i Sykkylven og framhevar at den klart viktigaste prioriteringa for kommunen i denne situasjonen er øyeblikkeleg hjelp og legevaktsansvaret. Sykkylven kommune vil presisere at alle våre innbyggjarar vil få den legehjelpa som er nødvendig og at våre tenester fortsatt er gode og forsvarlege, men at terskelen og tilgjengelegheita vil vere noko endra. Vi oppfordrar no innbyggjarane i Sykkylven om å avvente legebesøk som kan vente.

Sykkylven kommune beklager dette på det sterkaste og jobbar kontinuerlig for å løyse utfordringane og finne løysingar i form av rekruttering av nye legar og vikarar. Vi ber om tolmod og takkar for forståelsen.


18.11.2021

Nytt sentralbordsystem

Vi vil informere om at vi no har tatt i bruk vårt nye sentralbordsystem med mulighet for at vi ringer deg tilbake.
Ved tilbakering vil det stå at du blir oppringt frå følgande mobilnummer: 48175501.
Det er viktig at du har mobilen tilgjengelig og at du tek telefonen vil tilbakeringing frå dette mobilnummeret.

Det er 70 25 50 50 som er hovednummeret til Sykkylven Legesenter.

16.10.21

Sjukdom ved Sykkylven legesenter

Grunna sjukdom, både på lege- og på hjelpepersonellsida, vil vi dessverre ha utfordringar med kapasitet dei komande par vekene. Ein arbeidar med å få på plass vikarar så snart som råd.

Dei tilsette står i ein svært krevjande situasjon med mykje førespurnadar og færre og fordele arbeidsoppgåvene på. Like etter opningstid er det svært stor pågang på telefon og dessverre kan ein oppleve lang ventetid i denne perioden.

Vi vil sørgje for at dei som treng hjelp raskt får god hjelp på legekontoret, ein må ikkje nøle med å kontakte oss dersom ein treng rask legehjelp. I mellomtida ber vi om forståing for situasjonen og at ein ventar med førespurnadar som ikkje hastar.

 


12.10.2021

Opningstider tirsdager

Vi vil minne om at Sykkylven Legesenter opner kl.09:00 tirsdagar. Innkomande telefonar besvares også frå kl.09:00 tirsdagar.
I dag hadde telefonoperatøren til legekontoret tekniske problemer frå morgenen av, så vi beklager dersom det var vanskelig å nå tak i oss.

Det er stor pågang på telefonen, men vi svarer så snart vi har anledning.
Vi setter stor  pris på at dokke er så tålmodig.


06.08.2021

Interkommunal legevakt for Stranda og Sykkylven fra 1.Juli

Sykkylven og Stranda starta opp ny interkommunal legevakt 01.07.2021 i tilknytning til det kommunale legesenteret i Sykkylven.
Legevakta skal sikre gode tenester når det oppstår behov for akutte helsetenester på ettermiddag, kveld og natt, helgar og høgtider heile året.
Legevakta arbeider i nært samarbeid med AMK og er ein del av naudnettet.

Legevakta har kontorlokale ved Sykkylven legesenter, men har eige personale og eige journalsystem.

Interkommunal legevakt for Sykkylven og Stranda er bemanna i følgjande tidsrom:

Klokkeslett vekedagar   16.00-08:00
Klokkeslett helg/høgtid   Heile døgnet

01.07.2021

Sykkylven Legesenter frå 01.07.21
Ferieavvikling veke 27-34

Opningstida i ferien 08.30 -15.30 (som før)

På grunn av ferieavvikling, ber Sykkylven legesenter om at generelle kontrollar ikkje blir tatt før den 23. august når du kan bestille ordinær time med fastlegen din. Er du i tvil om det kan vente tar du kontakt.

Legetime

Legesenteret prøver å hjelpe alle så raskt som mulig, men på grunn av redusert bemanning blir det fort kø i telefonen og ekstra ventetid for time med fastlege. Vi beklager dette, men håper på forståing.

Vi tek i bruk medisinsk indeks, eit oppslagsverk som legevaktsentralen og andre legekontor brukar for å gi pasientar trygge og faglege helseråd over telefon. Dette verktøyet er og med å vurdere pasientens prioritet og hastegrad for legetime.

Betalingsautomat 

Som dei aller fleste legekontor i landet har Sykkylven legesenter også  fått betalingsautomat. Det gjer at helsepersonellet  kan bruke meir av tida si på pasientar og andre oppgåver.

Betalingsautomaten står godt synleg i venterommet, og vil bli tatt i bruk i løpet av veke 27.

I betalingsautomaten kan ein betale med debitkort (betal her og no), eller ein kan velje mobilbetaling.

Mobilbetaling gir fleire betalingsalternativ som Visa/Kredittkort/Vipps.

Ved Mobilbetaling har ein 24 timar på seg til å gjennomføre betaling, frå ein mottar SMS.

Blir ikkje betalinga gjennomført innen 24 timer, sendes det ut vanlig faktura med gebyr kr 69.

Faktura vil og bli tilsendt om ein gløymer å betale.

 

Korona

For koronainformasjon sjekk heimesida til kommunen www.sykkylven.kommune.no

Evt ring koronatelefon; 48 14 52 59. Telefonen er open mandag-fredag frå klokka 09.00-15.00.

 

VI på legesenteret ønsker alle ein frisk og god sommar!


10.06.2021

Sykkylven Legesenter ønskjer ikkje å tilby sine pasientar Janssen-vaksina
Legane ved Sykkylven Legesenter støtter legeforeninga og Folkehelseinstituttet si vurdering om at det ikkje er medisinsk forsvarleg å tilby pasientane Janssen-vaksina.
Smittesituasjonen er låg og innan eit par månadar vil dei fleste få tilbud om ei koronavaksine som vurderast av helsemyndigheitene å være tryggare.
Sjå på Sykkylven Kommune sine heimesider for informasjon vedr. korona og koronavaksinering. 
Du kan også kontakte Sykkylven kommune per telefon 70 24 65 00.

01.06.2021

Tiltak for tilreisande pasientar
Dersom du kjem frå et område med høgt smittenivå og strenge lokale tiltak, bør du følgje anbefalingane og reglene som gjelder i heimkommunen din. Det er også viktig at du setter deg inn i og følger smitteverns råda som gjelder dit du skal, for eksempel via kommunen si nettside www.sykkylven.kommune.no eller helsenorge.no.
Sjå nettsidene til Sykkylven kommune for informasjon om siste nytt frå og testing for covid-19.

15.10.2020

INFLUENSAVAKSINERING
På grunn av nødvendige smitteverntiltak i forbindelse med korona epidemien er det i år Sykkylven Kommune som står for influensavaksinasjon.
Kommunen har ansvar for å tilby vaksine til innbyggere i målgruppene for influensavaksinasjon.
Det vil derfor ikkje bli vaksinasjonsdagar ved legekontoret slik som tidlegare år.
For meir informasjon ring Sykkylven Kommune på telefon: 70 24 65 00 eller gå inn på Sykkylven Kommune sine heimesider:
SYKKYLVEN KOMMUNESmittevern i eit lite stikk – ta influensavaksine!
Covid-vaksine