Opprette brukar
Første gong du brukar ePortalen må du registrere deg som ny brukar. Trykk på “Logg på sjølvbetjening ” og trykk på «Registrer deg».
I brukaroppsettet skal du fylle ut ein del opplysinger om deg sjølv. Det er viktig at du fyller ut e-post-feltet med ei gyldig e-post adresse, sidan vi brukar denne adressa til å sende deg ei aktiverings-lenke og seinere for å varsle når legen din har lagt inn svar i ePortal. Mobiltelefonnummeret som du gjev opp må vere registrert hos helsesenteret på førehand. Det skal brukast til å sende deg ein pin-kode for å autentisere deg kvar gang du loggar deg på portalen.
Når du har fylt ut registreringsskjemaet og har trykt på “Opprett meg” vil du få ein e-post frå noreply@besoklegen.no. Meldinga blir sendt til den e-postadressa du ga opp då du registrerte deg som brukar.
Trykk på aktiverings-lenka i e-posten. Det vil opne seg eit nytt vindu og du vil sjå at registreringa er fullført.
Du kan no logge deg inn på ePortalen med brukarnamnet (fullt personnummer på 11 siffer) og passordet ditt (det du laga då du registrerte deg som brukar).
Har du behov for hjelp med ePortal, så fins det også eit eige hjelpesenter her: ePortal hjelpesenter – www.cgmeportal.no
Aktuelt
18.02.2019
VENTETID FOR VANLIG KONSULTASJON (ePORTAL TIME)
PER. 18.02.2019
LEGE |
VENTETID |
ØYSTEIN HOVE |
3 virkedag |
ANETTE DRENGK |
4 virkedag |
SUDARSHAN BHATIA |
1 virkedager |
INGE ANDRE SETTEMSDAL |
4 virkedager |
RAKEL BREGÅRD KOPPERSTAD |
1 virkedag |
EIRIK SOLBAKKEN RØDSET |
1 virkedag |
Kan variere grunna kurs/ferie/høgtid/sjukdom hos legane.
I tillegg har kvar fastlege satt av hastetimer fra kl.14.00 – 15.00 kvar dag.
Pasienter kan ta kontakt per telefon for forespørsel om hastetime.
Legevakta har open liste kvar dag.
18.02.2019
Kurs og grupper for pasientar og pårørande i Helse Møre og Romsdal
Det nærmer seg oppstart av ulike kurs og grupper ved Lærings- og meistringssenteret (LMS) ved Ålesund sjukehus for våren 2019.
Sjå aktivitetsplan for nærmare oversikt over aktuelle datoar. Husk å få henvisning frå fastlegen dersom dette trengs.
Aktivitetsplan 2019
13.12.2018
Attest for fravær vidaregåande skule
Sykkylven legesenter har hatt ein enorm pågang frå studentar som ønskjer attest for fravær. Dei ringer ofte dagen etter dei har blitt friske. Dette er ikkje bra nok. Legen kan då ikkje bekrefte om dei har vært så sjuke at dei måtte være heime frå skulen.
Fastlegane har derfor innført følgjande:
Alle som er sjuk og ikkje er i stand til gå på skulen må kontakte sin fastlege same dag. Dei kan ringe telefon 70 25 50 50 eller sende mail til kontoret@sykkylven.nhn.no. Dei vil då bli tildelt time same dag. Fastlegane har satt av 3-4 timer kvar dag (på slutten av dagen) til ø.hj. konsultasjoner. Studenter må være klar over at dei ikkje kan ta opp andre problemer enn årsak til fravær. Det er fastlegen som vil avgjere om det er grunnlag til å halde seg heime frå skulen og om det er riktig å utstede attest.
Dei må betale for konsultasjon.
Det må også minnast om at dei har rett til å ha 10% fravær før det er nødvendig med legeattest.
Fråværsreglar i vidaregåande skule:
https://www.vilbli.no/nn/nb/more-og-romsdal/fravaer/a/027267
26.11.2018
Ny fastlege
Eirik Solbakken Rødset startar som ny fastlege ved Sykkylven Legesenter frå 1. Desember 2018.
Rødset var legevikar for Rakel Kopperstad her ved legesenteret fram til august i år, og har i haust arbeidd som legevakt.
Eirik Solbakken Rødset tek over fastlegestillinga til Håkon Gytre. Han vil erstatte Carl Støren som har vert vikarlege sidan desember i fjor.
Vi ønsker Eirik Solbakken Rødset velkommen som ny fastlege ved Sykkylven Legesenter!
02.11.2018
Influensavaksine sesonginfluensa 2018/2019
Dersom du ikkje fekk tatt influensavaksine på vaksinasjonsdagen vår, så har vi framleis influensavaksiner igjen på lager.
Trekk deg en kølapp ved laboratoriet for å ta vaksina, eller henvend deg i resepsjonen ved spørsmål.
Lurer du på om du bør vaksinere deg? Les meir her!
NB! Det er dessverre leveringsproblemer for lungebetennelsevaksine.
Folkehelseinstituttets resterende lungebetennelsevaksiner er forbeholdt personer med medisinske tilstander som gir spesielt høy risiko for alvorlig lungebetennelse.
Les informasjonen frå Folkehelseinstituttet her.
02.10.2018
Viktig endring for HbA1c

Frå 30. September 2018 blir HbA1c gitt ut med mmol/mol i staden for %. Dei fleste europeiske land benytter denne enheten.
Endringa gir nye tallverdiar for HbA1c. For eksempel vil HbA1c på 7% bli 53 mmol/mol.
I ei overgangsfase kan du bruke tabellen nedanfor til å sammenlikne verdiane.

HbA1c konverteringskalkulator
04.09.2018
Ny bioingeniør ved laboratoriet
Patricija Katalyniene blir ny bioingeniør ved Sykkylven Legesenter frå 1.September 2018.
Ho blir også å sjå i resepsjonen. Vi ønskjer ho velkomen til oss!
03.09.2018
Ny turnuslege frå 1. September
Angeli Bhatia Overå blir ny turnuslege ved Sykkylven Legesenter frå 1.September 2018.
Vi ønskjer ho velkomen til oss!
16.08.2018
Kopperstad tilbake frå permisjon
Rakel Bregård Kopperstad er frå august 2018 tilbake som fastlege etter svangerskapspermisjon.
Eirik Solbakken Rødset er dermed ferdig som vikar for Kopperstad.
Rødset vil fortsette som legevakt i periodar utover hausten.
12.01.2018
Frå 15.januar: Heile sjukmeldinga blir digital
No er også den siste delen av sjukmeldinga – søknaden om sjukepengar – digital for dei som har ein arbeidsgiver. Når sjukefråværet er over, får du ei ny melding med lenkje til den digitale søknaden om sjukepengar. Du svarer på nokon spørsmål som NAV brukar til å beregne sjukepengane dine. Du må svare på spørsmåla sjølv om du får lønn frå arbeidsgiveren når du er sjuk. Det er fordi arbeidsgiveren legger ut for deg og skal ha pengane tilbake frå NAV.
Dersom du ikkje har arbeidsgivar, må du foreløbig be om å få sjukmeldinga på papir frå den som sjukmeldte deg. Då sender du del D til NAV etter at sjukefråværet er over. Les meir om kor søknaden skal sendast.
OBS! Vart du sjukmeldt før 15.januar 2018, må du bruke del D på papir for akkurat den sjukmeldinga.
Meir informasjon finner du på: nav.no/digitalsykmelding.
Du trenger ikke lenger henvisning til fysioterapi
Fra 1. januar 2018 trenger ikke pasienter lenger henvisning fra lege, manuellterapeut eller kiropraktor for å få stønad til fysioterapi.
Stortinget har vedtatt at kravet til henvisning fra lege, manuellterapeut eller kiropraktor bortfaller fra 1. januar 2018. Formålet er å sikre pasienter raskere tilgang til fysioterapitjenester. Dette betyr at pasienter som har behov for fysioterapi kan oppsøke fysioterapeut direkte.
20.01.2017
Attest for fravær vidaregåande skule
Sykkylven legesenter har hatt ein enorm pågang frå studentar som ønskjer attest for fravær. Dei ringer ofte dagen etter dei har blitt friske. Dette er ikkje bra nok. Legen kan då ikkje bekrefte om dei har vært så sjuke at dei måtte være heime frå skulen.
Fastlegane har derfor innført følgjande:
Alle som er sjuk og ikkje er i stand til gå på skulen må kontakte sin fastlege same dag. Dei kan ringe telefon 70 25 50 50 eller sende mail til kontoret@sykkylven.nhn.no. Dei vil då bli tildelt time same dag. Fastlegane har satt av 3-4 timer kvar dag (på slutten av dagen) til ø.hj. konsultasjoner. Studenter må være klar over at dei ikkje kan ta opp andre problemer enn årsak til fravær. Det er fastlegen som vil avgjere om det er grunnlag til å halde seg heime frå skulen og om det er riktig å utstede attest.
Dei må betale for konsultasjon.
Det må også minnast om at dei har rett til å ha 10% fravær før det er nødvendig med legeattest.
Nytt nasjonalt legevaktnummer 116117
Frå 1. september får legevakta same nummer over heile landet.
116117 (uttalast: hundreogseksten-hundreogsytten).
Du vil kome til næraste legevakta uansett kvar i Norge du ringjer frå.
Nummeret fungerer både frå fasttelefon og mobiltelefon.
Oppgåvefordeling mellom fastlege og legevakt vert ikkje endra.
Legevakta skal berre nyttast til å dekkje øyeblikkeleg hjelp som ikkje kan handterast av eigen fastlege.
Det gamle nummeret til legevaktsentralen, tlf. 70 25 34 00, vil fungere som før.
Det kan nyttast dersom ein ønskjer å nå ei annan legevakt enn der ein oppheld seg. Dette kan vere nødvendig til dømes om ein ringjer for eit sjukt familiemedlem som oppheld seg i ein annan kommune.
Ring først!
Legevakta er open for telefonkontakt heile døgnet.
Det er i dei fleste tilfelle best at du ringjer på førehand for å få ei vurdering av situasjonen og tilbod om relevant hjelp.
Når du treng legehjelp – kven skal du ringje?
- Fastlegen din i opningstida
– Legevakta 116117 når fastlegen ikkje er tilgjengeleg og hjelp ikkje kan vente
– 113 når det er akutt og står om liv
Kontakt
- Sykkylven Legesenter, Haugneset 20, 6230 Sykkylven
- 70 25 50 50
- 70 25 50 70
- kontoret@sykkylven.nhn.no