Influensavaksinering i Sykkylven hausten 2022 – sesonginfluensa

Fortsatt tilgjengelige vaksiner på legekontoret.

Det vart gjennomført 2 vaksinasjonsdagar, torsdag 27.10 og torsdag 3.11. Omlag 500 personar fekk vaksine.
Vi har framleis vaksiner, så ta gjerne turen innom. Trekk kølapp for laboratoriet.
Folkehelseinstituttet kjem med tilråding på kven som bør vaksinere seg.
Følgande personar har auka risiko for alvorleg sjukdom og død ved influensasjukdom, og blir difor tilrådd influensvaksine:
  • Alle f.o.m fylte 65 år
  • Bebuarar i omsorgsbustad eller sjukeheim
  • Gravide etter 12. svangerskapsveke (2. og 3. trimester)
  • Barn og vaksne med:
  • Diabetes mellitus, type 1 og 2
  • Kronisk lungesjukdom, inkludert astma
  • Kronisk hjarte- og karsjukdom, kronisk leversvikt, kronisk nyresvikt, kronisk nevrologisk sjukdom eller skade
  • Nedsett immunforsvar
  • Svært alvorleg fedme (BMI over 40)
  • Annan alvorleg / og eller kronisk sjukdom kor influensa utgjer ein alvorleg helserisiko, etter individuell vurdering av lege
  • Helsepersonell som har pasientkontakt
  • Pårørande til personar med nedsett infeksjonsforsvar bør vurdere vaksinasjon

Vaksine mot sesonginfluensa har vore brukt i mange år og gir svært sjeldan alvorlege biverknader. Som andre vaksiner kan den gi feber og ei lett kjensle av å være uvel, i tillegg til ømheit på stikkstaden. Vaksinen kan ikkje gi influensasjukdom. Vi tilrår at personar i risikogruppene tek vaksine mot influensa årleg. Influensavirus endrar seg stadig, og vaksinen må kvart år tilpassast desse endringane. Enkelte andre virus og bakterier kan gi symptom som liknar influensa. Vaksinen beskyttar ikkje mot smitte av desse. Vaksinen er ikkje tilsett kvikksølvforbindingar eller andre konserveringsmiddel. Vaksinen beskyttar mot tre typar influensavirus som forventast å forårsake influensa komande haust og vinter. Dei fleste som tek vaksinen vert beskytta mot influensa, men, som ved annan vaksinasjon, er det ikkje alle som oppnår full beskyttelse. Vaksiner kan i sjeldne tilfelle utløyse ein allergisk reaksjon kort tid etter at vaksinen er gitt. Det er derfor du må vente ved vaksinasjonslokalet i ca. 20 minuttar etter at vaksinen er gitt.

Du kan finne meir informasjon på Folkehelseinstituttet sine nettsider. Her finn du blant anna svara på dei mest vanlege spørsmåla om influensavaksinen. http://www.fhi.no

Du kan også få vaksine mot lungebetennelse dersom dette er anbefalt av fastlegen din. Denne vaksina skal ikkje takast årleg. Influensavaksina kostar kr 200 og vaksine mot lungebetennelse kostar kr 360. Om du tek begge vaksiner kostar dette kr 500.

Dersom du ikkje kan møte på den oppsette dagen, får du sjølvsagt vaksine på eit anna tidspunkt dersom du har legetime, men vi oppmodar alle som ynskjer vaksine å møte på oppsett dag.