Interkommunal legevakt

Sykkylven og Stranda startar opp ny interkommunal legevakt 01.07.2021 i tilknytning til det kommunale legesenteret i Sykkylven.
Dette er ei felles legevaktordning utanom kontortid (kveld, natt, helg og høgtid) for kommunane Stranda og Sykkylven.
Legevakta har kontorlokale ved Sykkylven legesenter, som ligg sentralt i Sykkylven.
Legevakta skal sikre gode tenester når det oppstår behov for akutte helsetenester på ettermiddag, kveld og natt, helgar og høgtider heile året.
Legevakta organiserast med lege heile døgnet og sjukepleiar på ettermiddag (16-23) og helg /høgtid (10-22).
Legevakta arbeider i nært samarbeid med AMK og er ein del av naudnettet.
Interkommunal legevakt for Sykkylven og Stranda er bemanna i følgjande tidsrom:
Klokkeslett vekedagar   16.00-08:00
Klokkeslett helg/høgtid   Heile døgnet