Fastlege – og situasjonen i dag

Personar som bur eller oppheld seg i Sykkylven, og som ventar på å få fastlege ved Sykkylven legekontor, kan kontakte legekontoret direkte ved behov for naudsynt legehjelp.  Dette gjeld også problemstillingar utover augeblikkeleg hjelp. Fastlegesituasjonen i Sykkylven er per i dag slik:
Det er 8 legeheimlar ved legesenteret.  Rakel Kopperstad og Arne Morterud har eitt års permisjon, og er venta tilbake aug/sept 2023
Surdashan Bhatia er tilbake ved legesentet som fastlege, og Kathrine Ness er tilsett som ny fastlege frå 21.09.22 då i 20 % stilling og tek til med blant anna helsestasjonsarbeid fram til nyttår. Frå 01.01.2023 er ho 100% fastlege ved Sykkylven legesenter.  Pr. dato medfører dette at 7 lister blir dekt opp med vikarar, fortrinnsvis periodar frå 6 mnd til eitt år.
Dersom ein kunne bytte fastlege, eller melde ut/inn i fastlegeordninga, gjer ein det slik:
  • Bytte, ved å logge inn via internett på  www.helsenorge.no.  
  • Ring fastlegekontoret i fylket på telefon 23 32 70 00. Fastlegekontoret kan informere om fastlegar som har ledig kapasitet, og sette deg på lista til den fastlegen du ønsker.
  • Byttet gjeld frå den første i påfølgande månad. Du vil få eit brev som stadfestar at du er tildelt fastlegen du har valt. Du får melding dersom denne fastlegen har full liste.
Fastlegeoversikt – liste over alle fastleger i ein kommune.
Du kan søke på internett på denne sida.  Dette søket gir deg oversikt over alle fastlegane og deira si adresse i ein gitt kommune. Du må først velge fylke og deretter ein kommune.  Oversikta blir oppdatert den 1. i kvar månad. Trygdeetaten tek forbehold om at legar med få ledige plassar kan ha fylt opp lista i løpet av månaden.