Om oss

Sykkylven Legesenter

Sykkylven Legesenter

Sykkylven legesenter er ein fullverdig allmennpraksis med 8 fastlegar og 1 turnuslege.
I tillegg har vi 3 bioingeniørar, 2 sjukepleiarar og 4 helsesekretærar. Legekontoret er kommunalt. Kontorleiar er Kanutte Roald.

Kontoret har opent for timebestilte konsultasjonar alle kvardagar.
Legane ved legesenteret har i tillegg til sin praksis også deltidsstillingar som sjukeheimslege eller helsestasjonslege.
Dette medfører at din fastlege ikkje nødvendigvis er til stades på legesenteret til ei kvar tid. Legane deltek også på kurs som medfører fråver.
Legesenteret har opningstid 8.30 til 15.30 alle kvardagar.
Laboratoriet har opningstid 8.30 til 15.00 alle kvardagar.
Dette er fastlegane ved Sykkylven Legesenter:
  • Sudarshan Bhatia, spesialist i allmennmedisin.
  • Kristoffer Hjellen, fastlege i spesialisering.
  • Maria Koppen, fastlege i spesialisering (Settemsdal).
  • Ann-Cathrin Nordal Linge, spesialist i allmennmedisin (Drengk).
  • Marie Flem Sørbø, nytilsett spesialist i allmennmedisin (oppstart er ikkje avklart, men seinast 1. oktober) (Hove)
  • Arne Morterud, nytilsett spesialist i allmennmedisin og 20 prosent stilling som lege ved helsestasjonen (oppstart 6. september). (Hove)
  • Hilde Engeset, vikar for Rakel Bregård Kopperstad (frå 12. april i år til 18. april neste år).
Der er også tre vikarlegar:
  • Hege Selboskar – Fastlegevikar for Settemsdal.
  • Patricio Ampudia Santamaria – Fastlegevikar for Hove.
  • Kristin Rønning – Fastlegevikar for Rødset.
  • Waleed Brisam – Fastlegevikar frå veke 11 til ut veke 16 for Drengk.