Praktisk informasjon

Konsultasjonar
Konsultasjonar foregår kun etter timebestilling, i ordinær kontortid kl. 8.30 – 15.00. Manglande frammøte eller avbestilling seinare enn 24 timer før avtalt tid blir belasta med tapt arbeidsinntekt + gebyr.
Betaling
Betaling skjer i resepsjonen med kort eller kontantar. Du kan også velje å betale med giro. Legekontoret har avtale med Kredinor som sender ut giro og administrerer purringar og innkrevjing. Ved giro kjem det gebyr på kr 70,-. Spørsmål vedrørande faktura rettast til legesenteret eller Kredinor på telefon: 06900.
Frikort
Dersom du har fått frikort må du sjølv vise fram dette og få det registrert på legekontoret. Det er då registrert for resten av kalenderåret. Vær oppmerksam på at alt ikkje vert dekka av frikortordninga. For eksempel forbruksmateriell,
henvisning, medisinar og attester etc.
Ny pasient/overføring av journal
Som ny pasient registrerast du først i våre system den 1. i påfølgande månad etter bytte er gjort. Det er fint om du ringer oss for di fyrste timebestilling. Overføring av journal frå tidligare fastlege går ikkje automatisk. Du må sjølv ta kontakt med det aktuelle legekontoret og be om å få journalen oversendt til oss.
Nye personalia?
Nytt telefonnummer, adresse eller arbeidsgivar? Vennligast meld i frå om dette. Husk å melde flytting via Folkeregisteret – systemet vårt vil oppdatere seg månadleg mot Folkeregisteret.
Reseptbestilling
Bestill reseptar i GOD tid før du går tom, slik at du er sikker på å få medisinen i tide. Dersom legen er fråverande, f.eks. pga. kurs, kan det unntaksvis ta lengre tid. Sørg også for å
bestille nødvendige reseptar i god tid før fellesferien.
• Vi tilbyr kun elektroniske reseptar (e-resept).
• Resepten er gratis.
• Det tar vanlegvis ein yrkedag frå bestilling til medisinen kan hentast ut.
• Du kan sjå dine reseptar på mineresepter.no
• Vennligast oppgi så eksakt som mulig type, styrke og dosering.
• B-Preparater føreskrivast ikkje utan legetime! Eksempel Sobril, Paralgin Forte etc.
Korleis ta ei korrekt urinprøve?
For å kunne vurdere urinprøven ordentleg bør den takast på riktig måte. Glaset du bruker må være sterilt. Sterile glas kan du kjøpe på apoteket. Husk å merke glaset med namn og fødselsdato. Vi tar kun i mot sterile glas.
Nedanfor finn du framgangsmåten for å ta ei korrekt urinprøve (og klamydiaprøve):
• Morgonurin er ønskjeleg. Det vil seie urin som har lagt i blæra i MINST 6 timer.
• For at urinen ikkje skal verte forureina, bør kvinner halde kjønnsleppene frå kvarandre og menn trekke forhuda tilbake.
• Midtstråleurin er ønskjeleg så framt det ikkje er snakk om klamaydiaprøve (sjå neste punkt).
Det vil sei at ein samlar den urinen som kjem et stykke ut i vasslatinga. Dette er fordi denne urinen er reinast.
• Ved prøve for klamydia skal ein ta den FYRSTE urinen som kjem, IKKJE midtstråleurin.
• Urin skal oppbevarast kjølig.
Når tok du en celleprøve frå livmorhalsen sist?
Kvinner mellom 25 og 69 år anbefalast å ta ein celleprøve kvart 3 år. Du kan lese meir om dette og masseundersøkinga mot livmorhalskreft på www.kreftregisteret.no/livmorhals eller snakke med legen om ditt behov for å ta ei celleprøve.
Blodprøver for innsending kan takast ved laboratoriet
Måndag – Fredag: 8:30 – 12:00 og 12:45 – 15:00.