Smitteverntiltak ved Sykkylven legesenter
-
Avtal oppmøte på førehand gjennom telefon eller meldingar via vår heimeside www.sykkylvenlegesenter.no.
-
Enkelte henvendingar kan løysast gjennom video-konsultasjon eller via telefonkonsultasjon.
-
Bruk munnbind inne på legesenteret.
-
Pga. plassmangel, og gjeldande smittevernråd er det viktig å understreke at pasienane held avstand på venterommet.
-
Vi ønsker at alle spriter eller vasker hender når dei kjem og når dei forlet legekontoret.
Informasjon om Koronavirus
Dersom du har luftvegssymptom, er i karantene eller kan være smitta av koronavirus – skal du framleis ikkje møte opp direkte på legekontoret: kontakt oss pr tlf/e-kontakt!
Nyttig flytskjema: Hva skal du gjøre hvis du har nyoppståtte luftveissymptomer? – FHI
Du finn elles svar på mange spørsmål på fhi.no (https://www.fhi.no/nettpub/coronavirus), helsenorge.no, og ved å ta koronasjekken
Sykkylven kommune sin informasjon: Informasjon om korona
Dersom du ikkje finn svar på viktige spørsmål, kan du og ringa FHIs informasjonstelefonen på 815 55 015.
Det er sjølvsagt viktig at du tek kontakt om du har sjukdom som ikkje har noko med smitte eller korona å gjera, og vi vil sørge for at du som har kronisk sjukdom framleis skal få den oppfølginga og hjelpa du treng.
-
Kontakt oss helst digitalt (e-kontakt) om det ikkje hastar, vi er og tilgjengelege for tlf-konsultasjon eller videokonsultasjon.
-
Ved hast: Ring oss på telefon 70 25 50 50.
-
Ved mistanke om akutt, alvorleg sjukdom og du ikke får tak i oss, ring legevakt på 116 117.
-
Ved akutt naud eller fare for liv og helse – ring medisinsk nødtelefon 113.
Meir informasjon om koronavirus:
HelseNorge.no | Hvordan forebygge smitte | Områder med spredning | Sykepenger under koronapandemien
Corona virus information
If you are potentially infected, in quarantine, are at risk of infection, or have respiratory symptoms, please contact us before you visit our premises.
You can find answers to many questions at take the corona check
If you do not find answers to important questions, you can also call the FHI information phone on 815 55 015.
Of course, it is important that you contact us if you have a disease that is unrelated to the corona virus, and we want to make sure that if you suffer a chronic illness that you will still get the follow-up and help you need.
-
Contact us digitally if it is not urgent, you can also call us on 70 25 50 50.
-
If acute, serious illness is suspected, please call an emergency room on 116 117.
-
In case of emergency or danger to life and health – call the emergency medical number113.
Useful links
HelseNorge.no | How to Prevent Infection | Areas affected | Sick leave during the Covid-19 pandemic
Aktuelt
27.01.2022
Dyktige vikarlegar på plass
På grunn av sjukefråvær, ferieavvikling og vikarmangel har det dessverre vore ein del ventetid på ordinær legetime.
I perioden etter nyttår har Sykkylven Legesenter no fått tak i dyktige vikarlegar som vil avlaste situasjonen. Vi har no gitt tilbod om ny legetime til pasientar som har venta lenge, og vi kan hjelpe dei som ringer inn ved å tilby legetime innan kort tid. Samtidig arbeider Sykkylven Kommune med å få tilsett faste legar i stillingane til Dr. Hjellen og Dr. Linge frå medio mars. Dr. Koppen har dessverre sagt opp stillinga ved Sykkylven Legesenter.
Vi kan ringe deg tilbake
Rett før jul fekk vi nytt sentralbordsystem der pasientane har moglegheit til å velje tilbakering funksjon.
Pasienten vil då stå i kø heilt til samtalen blir ringt opp av systemet. Dette systemet fungerer veldig bra og vi får gode tilbakemeldingar frå pasientar.
Det er inntil 50 stk som kan velje tilbakering før køa vert full og pasienten må ta kontakt seinare. Det er veldig stor pågang på telefonen tidleg i veka, men roleg i slutten av veka. I resepsjonen er det 3-4 stk som tek telefonar kontinuerleg, men med eitt stort antal innkommande samtalar må det påreknast noko ventetid. Pågangen i resepsjonen påverkar også svartid på telefonen. Vi ser ofte at pasientar setter seg opp på tilbakering fleire gongar og dermed tek opp fleire plassar i same køa som nokon andre har behov for. Vi ber derfor om at ein KUN gjer dette ein gong.
Helsepersonell i resepsjonen står på for å svare alle henvendingar per telefon så godt det let seg gjere, men vi ber om forståing for at det er mange som ønsker å nå tak i oss og at kvar enkelt samtale kan ta noko lenger tid enn normalt på grunn av endringar i smittevernrutinar eller informasjon til pasient vedrørande fastlege situasjonen.
Husk at du kan ringe 116117 ved behov for akutt legevakt eller 113 for øyeblikkelig hjelp.
Takk for all tålmod og forståing.
Vi ønsker å hjelpe kvar enkelt pasient så godt vi kan!
19.11.2021
Fastlegesituasjonen i Sykkylven kommune
Sykkylven kommune har, som andre kommunar i Norge, no fått merke utfordringa rundt arbeidsmengde, rekruttering og drift av fastlegetenesta.
Det kommunale legesenteret i Sykkylven er fortsatt i ein etableringsfase, der planlegging av drifta har vore, og fortsatt er, utfordrande. Dette, i tillegg til ein langvarig pandemi, har skapt eit stort press på tenesta den siste tida.
Med bakgrunn i fleire samanfallande utfordringar, er vi no i ein situasjon der vi ikkje har full legedekning ved vårt fastlegekontor. Dette vil føre til lengre ventetid, og at det som kan vente må vente. Fastlegetenesta vil i ein periode framover, ikkje fungere heilt slik ein er van med.
Statsforvaltaren er informert om situasjonen i Sykkylven og framhevar at den klart viktigaste prioriteringa for kommunen i denne situasjonen er øyeblikkeleg hjelp og legevaktsansvaret. Sykkylven kommune vil presisere at alle våre innbyggjarar vil få den legehjelpa som er nødvendig og at våre tenester fortsatt er gode og forsvarlege, men at terskelen og tilgjengelegheita vil vere noko endra. Vi oppfordrar no innbyggjarane i Sykkylven om å avvente legebesøk som kan vente.
Sykkylven kommune beklager dette på det sterkaste og jobbar kontinuerlig for å løyse utfordringane og finne løysingar i form av rekruttering av nye legar og vikarar. Vi ber om tolmod og takkar for forståelsen.
18.11.2021
Nytt sentralbordsystem
Vi vil informere om at vi no har tatt i bruk vårt nye sentralbordsystem med mulighet for at vi ringer deg tilbake.
Ved tilbakering vil det stå at du blir oppringt frå følgande mobilnummer: 48175501.
Det er viktig at du har mobilen tilgjengelig og at du tek telefonen vil tilbakeringing frå dette mobilnummeret.
Det er 70 25 50 50 som er hovednummeret til Sykkylven Legesenter.
26.10.21
Sjukdom ved Sykkylven legesenter
Grunna sjukdom, både på lege- og på hjelpepersonellsida, vil vi dessverre ha utfordringar med kapasitet dei komande par vekene. Ein arbeidar med å få på plass vikarar så snart som råd.
Dei tilsette står i ein svært krevjande situasjon med mykje førespurnadar og færre og fordele arbeidsoppgåvene på. Like etter opningstid er det svært stor pågang på telefon og dessverre kan ein oppleve lang ventetid i denne perioden.
Vi vil sørgje for at dei som treng hjelp raskt får god hjelp på legekontoret, ein må ikkje nøle med å kontakte oss dersom ein treng rask legehjelp. I mellomtida ber vi om forståing for situasjonen og at ein ventar med førespurnadar som ikkje hastar.
12.10.2021
Opningstider tirsdager
Vi vil minne om at Sykkylven Legesenter opner kl.09:00 tirsdagar. Innkomande telefonar besvares også frå kl.09:00 tirsdagar.
I dag hadde telefonoperatøren til legekontoret tekniske problemer frå morgenen av, så vi beklager dersom det var vanskelig å nå tak i oss.
Det er stor pågang på telefonen, men vi svarer så snart vi har anledning.
Vi setter stor pris på at dokke er så tålmodig.
06.08.2021
Interkommunal legevakt for Stranda og Sykkylven fra 1.Juli
Sykkylven og Stranda starta opp ny interkommunal legevakt 01.07.2021 i tilknytning til det kommunale legesenteret i Sykkylven.
Legevakta skal sikre gode tenester når det oppstår behov for akutte helsetenester på ettermiddag, kveld og natt, helgar og høgtider heile året.
Legevakta arbeider i nært samarbeid med AMK og er ein del av naudnettet.
Legevakta har kontorlokale ved Sykkylven legesenter, men har eige personale og eige journalsystem.
Interkommunal legevakt for Sykkylven og Stranda er bemanna i følgjande tidsrom:
Klokkeslett vekedagar 16.00-08:00
Klokkeslett helg/høgtid Heile døgnet
01.07.2021
Sykkylven Legesenter frå 01.07.21
Ferieavvikling veke 27-34
Opningstida i ferien 08.30 -15.30 (som før)
På grunn av ferieavvikling, ber Sykkylven legesenter om at generelle kontrollar ikkje blir tatt før den 23. august når du kan bestille ordinær time med fastlegen din. Er du i tvil om det kan vente tar du kontakt.
Legetime
Legesenteret prøver å hjelpe alle så raskt som mulig, men på grunn av redusert bemanning blir det fort kø i telefonen og ekstra ventetid for time med fastlege. Vi beklager dette, men håper på forståing.
Vi tek i bruk medisinsk indeks, eit oppslagsverk som legevaktsentralen og andre legekontor brukar for å gi pasientar trygge og faglege helseråd over telefon. Dette verktøyet er og med å vurdere pasientens prioritet og hastegrad for legetime.
Betalingsautomat
Som dei aller fleste legekontor i landet har Sykkylven legesenter også fått betalingsautomat. Det gjer at helsepersonellet kan bruke meir av tida si på pasientar og andre oppgåver.
Betalingsautomaten står godt synleg i venterommet, og vil bli tatt i bruk i løpet av veke 27.
I betalingsautomaten kan ein betale med debitkort (betal her og no), eller ein kan velje mobilbetaling.
Mobilbetaling gir fleire betalingsalternativ som Visa/Kredittkort/Vipps.
Ved Mobilbetaling har ein 24 timar på seg til å gjennomføre betaling, frå ein mottar SMS.
Blir ikkje betalinga gjennomført innen 24 timer, sendes det ut vanlig faktura med gebyr kr 69.
Faktura vil og bli tilsendt om ein gløymer å betale.
Korona
For koronainformasjon sjekk heimesida til kommunen www.sykkylven.kommune.no
Evt ring koronatelefon; 48 14 52 59. Telefonen er open mandag-fredag frå klokka 09.00-15.00.
VI på legesenteret ønsker alle ein frisk og god sommar!
10.06.2021
Sykkylven Legesenter ønskjer ikkje å tilby sine pasientar Janssen-vaksina
Legane ved Sykkylven Legesenter støtter legeforeninga og Folkehelseinstituttet si vurdering om at det ikkje er medisinsk forsvarleg å tilby pasientane Janssen-vaksina.
Smittesituasjonen er låg og innan eit par månadar vil dei fleste få tilbud om ei koronavaksine som vurderast av helsemyndigheitene å være tryggare.
Sjå på Sykkylven Kommune sine heimesider for informasjon vedr. korona og koronavaksinering.
Du kan også kontakte Sykkylven kommune per telefon 70 24 65 00.
01.06.2021
Tiltak for tilreisande pasientar
Dersom du kjem frå et område med høgt smittenivå og strenge lokale tiltak, bør du følgje anbefalingane og reglene som gjelder i heimkommunen din. Det er også viktig at du setter deg inn i og følger smitteverns råda som gjelder dit du skal, for eksempel via kommunen si nettside www.sykkylven.kommune.no eller helsenorge.no.
Sjå nettsidene til Sykkylven kommune for informasjon om siste nytt frå og testing for covid-19.
15.10.2020
INFLUENSAVAKSINERING
På grunn av nødvendige smitteverntiltak i forbindelse med korona epidemien er det i år Sykkylven Kommune som står for influensavaksinasjon.
Kommunen har ansvar for å tilby vaksine til innbyggere i målgruppene for influensavaksinasjon.
Det vil derfor ikkje bli vaksinasjonsdagar ved legekontoret slik som tidlegare år.
For meir informasjon ring Sykkylven Kommune på telefon: 70 24 65 00 eller gå inn på Sykkylven Kommune sine heimesider:
SYKKYLVEN KOMMUNE: Smittevern i eit lite stikk – ta influensavaksine!
Kontakt
- Sykkylven Legesenter, Haugneset 20, 6230 Sykkylven
- 70 25 50 50
- 70 25 50 70
- legesenter@sykkylven.kommune.no